Tre passasjerar til sjukehus:

Ekspressbussen velta i Skjåk

Ekspressbussen frå Nettbuss velta etter utforkøyring i SKjåk natt til tysdag.  Foto: Kjartan Waage / Politiet

Nyhende

Tre passasjerar er køyrde til sjukehus etter at Nettbuss sin ekspressbuss frå Oslo til Ulsteinvik velta på eit jorde i nærleiken av Skjåk kyrkje i natt.

Per Solberg, operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt, opplyser til Fjordingen at ulukka vart meldt kl. 04.18.

- Det var sterk vind og glatt føre på staden. Bussen har køyrd av rv 15 og ut på eit jorde før han velta. Tre personer er køyrde til Lillehammer sjukehus med kuttskader og nakkesmerter, opplyser Solberg.

Det var 26 passasjerar pluss sjåfør i bussen då han velta.

Ein annan buss som kom like bak hadde ledig kapasitet og tok med seg dei andre passasjerane til Skjåk kommunehus, der dei blir tekne vare på.

Avisa Fjuken opplyser at den velta bussen ligg på eit jorde ved Skjåk kyrkje, om lag 30 meter frå vegen. Det var Nettbuss sin dobbeltdekkar på veg retning Ulsteinvik via Stryn og Grodås som velta.

Seinare på tysdag morgon køyrde ein annan buss av rv 15 ved Lom.

- Det skjedde om lag på same måte, men utan at bussen velta. Her er det ikkje snakk om personskader. Det har vore snø og vind, og dermed vanskelege køyreforhold på Austlandet i natt og i dag tidleg, seier operasjonsleiar Per Solberg.

NRK har vore på kommunehuset i Skjåk der passasjerane er samla og får oppfølging av helsepersonell. Ein av passasjerane fortel til NRK at han låg i halvsøvne, vakna, og registrerte at både han og bussen var i lufta.

- Eg sat på venstre side i bussen, men vart kasta over på høgre side då bussen velta, forklarer passasjeren. Som seier han ikkje hadde på setebelte, og at han blei kasta rundt då bussen velta.

– Eg fekk ein skikkelig trøkk i overkroppen etter smellen i bussen, og det er litt tungt å puste. Men vi blir svært godt ivaretekne, og eg føler meg trygg, seier passasjeren til NRK. Han var på veg til Volda der han er student.