Reiser erstatningskrav mot kommunen etter trefelling:

Krev 107.000 kr for tre bjørker

Magnhild Berge krev gjennom advokat 107.000 kr frå Stryn kommune etter at dei i samband med hogst også felte tre bjørker på hennar eigedom.

Innsyn: Magnhild Berge i Stegen i Stryn krev erstatning på til saman ca. 113.000 kr etter at kommunen felte tre bjørker som stod på hennar eigedom. Særleg auka innsyn på eigedomen vert drege fram i erstatningskravet.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Hogsten fann stad i byrjinga av oktober i fjor då kommunen skulle rydde eit kommunalt område for å betre sikta i eit vegkryss ved eigedomen. I samband med trefellinga kom dei også i skade for å hogge tre bjørker på Berge sin eigedom.