Millionar til tettstadutvikling - Stryn er med

Stryn er mellom kommunane som er tildelt fylkeskommunale midlar til tettstadsutvikling.

Analyse: Tilskotet skal nyttast i samband med områderegulering av Stryn sentrum, og spesielt til å få gjennomført ei analyse for å revurdere veg- og gatesystemet i Stryn sentrum, seier Geirmund Dvergsdal til Fjordingen.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

– Det er løyvt 212.000 kr. Tilskotet skal nyttast i samband med områderegulering av Stryn sentrum, og spesielt til å få gjennomført ei analyse for å revurdere veg- og gatesystemet i Stryn sentrum, seier plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal til Fjordingen.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har eit mål om å styrke særpreg og eigenartar for tettstadar i fylket, m.a. gjennom støtteordninga for tettstadutvikling og stadforming. Totalt har fylkeskommunen fordelt sju millionar kroner til følgjande prosjekt:

- Førde (sti/elveforbygging mot Jølstra)

- Gaular («Glad i Gaular» områdeplan Sande sentrum)

- Gloppen (Aktivitetsskapande element og møteplassar)

- Sogndal (Bru over Sogndalselva – siste del av Fjordstien)

- Stryn (Sentrumsanalyse, veg-, gate- og parkeringssystem i Stryn sentrum)

- Naustdal (strategisk plan for Vevring – Aktivitetsområdet Sanden)

- Hyllestad (sentrumsnær turveg)

- Aurland (Masterplan - Aurlandsvangen)

- Eid (handels- og sentrumsanalyse)

- Luster (Trafikkanalyse Solvorn)