Arvid Otterdal sluttar etter 18 år i Stihl:

No blir det hotell på heiltid

Etter å ha selt over 60.000 motorsager siste 18 åra blir det no hotelldrift på heiltid for Arvid Otterdal i Stryn.

Hotell på fulltid: Arvid Otterdal sluttar i Stihl etter 18 år for å satse på Visnes Hotel for fullt.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Arvid Otterdal kan ikkje skuldast for å ikkje like å arbeide, og dei siste fem åra har han hatt to jobbar. Ved sidan av å drive Visnes Hotel i lag med kona Marit Nordheim Otterdal så har han hatt full jobb i Stihl. Men no er det slutt på «dobbeltlivet». Frå neste veke blir det hotelldrift på heiltid også for han.