- Søk om midlar til infrastrukturtiltak i reiselivet:

- Skal gjere attraksjonane meir tilgjengelege

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar til infrastrukturtiltak i reiselivet i heile fylket. Søknadsfrist er 15. februar 2019. (Her ser vi siste turistgrupper klare for turar med trollbilane til Briksdalsbreen i november/ Illustrasjonsbilde)  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut midlar til infrastrukturtiltak i reiselivet i Sogn og Fjordane. Søknadsfrist er 15. februar 2019.

- Støtta skal gå til tilretteleggande tiltak som skal gjere dei mest særeigne attraksjonane i fylket meir tilgjengelege for turistar. Vi ynskjer spesielt å legge til rette for at turisten kan vandre for å oppleve attraksjonar som bre, fjord, fjell, interessante tettstadar og kulturattraksjonar, skriv fylkeskommunen på nettstaden sin.