Tilrår «Sætrenibba» og «Lidafjellet»

Namnesak: Språkrådet støttar Hornindal kommune når det gjeld skrivemåte for Lidafjellet.  Foto: Kartverket

Nyhende

Kartverket starta i fjor namnesak vedrørande plassering og skrivemåte for det som på kartet har stått som Lidafjellet.

Hornindal kommune skreiv i ei høyringsuttale m.a. at i Hornindal vert namnet Lidafjellet nytta om det platået ein kjem til over skoggrensa frå Støverstein/Kjellstadlia mot Trollaksla.

Når det gjeld skrivemåte, heldt Hornindal kommune fast ved tidlegare vedtak om skrivemåte med d, ut frå at dette er den naturlege talemåten i kommunen.

Nuten med høgde 1.374 moh. som hittil har stått i kartet som Lidafjellet, vert i Hornindal kalla Sætrenibba.

Språkrådet har no kome med ei uttale der dei støttar Hornindal kommune sitt framlegg om at Sætrenibba og Lidafjellet vert offisielle skrivemåtar for dei to aktuelle fjella.

Sætrefjellet med æ fordi dette ligg nærare den lokale uttalen enn med e.

Lida- med d er meir samansett, skriv stadnamnkonsulenten, men det vert vist til at skrivemåten med d er vedteken i seks tilfelle tidlegare, alle desse i Hornindal kommune, og at uttaleforma med d er nytta i ein stor del av Nordfjord og vidare i dei ytre delane av Sunnmøre, likevel ikkje så langt inne som i Stranda kommune.