The New York Times si liste over 52 reisemål:

Anbefaler skyliften og kornølfestivalen

The New York Times anbefaler lesarane sine å reise til Vestlandet, for blant anna å oppleve Loen Skylift, Via Ferrata og Norsk Kornølfestival.

Loen Skylift og Via Ferrata er blant stadane på Vestlandet som er nemnd på den eksklusive lista til The New York Times, der dei anbefaler 52 reisemål i heile verda. Her fjellstasjonen som er utgangspunkt for flott utsikt og turar i området.   Foto: Gunnhild Sindre

Norsk kornølfestival i Hornindal blir anbefalt på reiselista til NYTimes.  Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Det kjem fram på avisa si årlege liste over 52 plassar ein bør reise til i 2019. Avisa anbefaler folk å reise til blant anna Hong Kong, Falklandsøyane, Gambia, Las Vegas og Dakar. Og Vestlandet i Norge.

Vestlandet blir skildra som «eit landleg paradis for fjellklatrande folk som elskar øl».

– På berre nokre minutt blir ein frakta opp til fjellet Hoven med Loen Skylift. Uredde klatrarar kan bestige same fjellområde på seks timar gjennom ruta Via Ferrata, skriv journalist Evan Rail i omtalen. Han er tydelegvis svært begeistra for lokale ølsortar frå Vestlandet.

– Folk som er glade i øl og vil lære og smake meir, kan tilpasse besøket sitt til oktober. Norsk Kornølfestival består av om lag 100 ølsortar laga av kveik, som er laga av lokale ølbryggarar, skriv ein fornøgd journalist etter turopplevingane sine i Hornindal og Loen.