Søre Sunnmøre kompetanseregion snusar på Hornindal:

Håp om tannlegekontor

Får Søre Sunnmøre kompetanseregion dei økonomiske rammene dei ønskjer seg så vil dei etablere klinikk i Hornindal. Ordføraren er optimistisk

optimistisk: Ordførar Lødemel meiner eit tannlegetilbod på Grodås vil dekke eit stort hol i kommunen sitt tannlegebehov. Søre Sunnmøre kompetanseregion med tannlege i Volda, Nina Tisthamar, overtannlege Hege Myklebust og overtannlegesekretær Anne-Lise Myklebust var på synfaring på Grodås tysdag.  Foto: privat

Nyhende

Saman med representantar frå kommunen var Søre Sunnmøre kompetanseregion på synfaring av både utstyr og lokale for mogleg etablering av eit ambulerande tannlegekontor på Grodås. Aktuelle lokale er i dag omsorgssenteret eller i helsehuset.