Handballgruppa med kurs

Trenarkurs: F.v. Terje Mundal, Einar Elde, Bente Bjerkenås, Are Njøten, Marie Johannsdottir, Kristine Lunde, Joanna Øvre-Flo, Emma Njøten, Endre Bø, Thusika Velalakan, Mina Flo Håvik, Lisbet Nedreberg, Oddny Grete Njøten og Bodil Eikenes Tjellaug.  Foto: Roy Veamyhr/Stryn handball

Første trening: Seksåringane hadde sitt første møte med handball i Strynehallen måndag.   Foto: Stryn handball

Nyhende

Stryn handball arrangerte trenarkurs i Strynehallen tidlegare i veka. 14 deltakarar møtte fram til det første av i alt fire kurs.

– Kursdeltakarane gjennomførte modul ein av kurset i Strynehallen måndag ettermiddag. I alt er trenarkurset sett saman av fire modular, og dei tre siste blir gjennomført utover vinteren, opplyser Roy Veamyhr i handballgruppa.

Modul ein tok føre seg barnehandballen, og dei neste kursa vil ta føre seg ulike alderssteg.

– Vi var 14 deltakarar på det første kurset, og til dei neste kursa har fleire meldt si interesse, seier Veamyhr vidare. Det var Einar Elde frå Region Vest som var ansvarleg for gjennomføringa måndag.

Mange på si første trening

Handballgruppa tok også i mot seksåringar som ville starte med handball. På førehand var det annonsert via skulane om oppstart for denne aldersgruppa.

– Her møtte heile 18 seksåringar. Veldig positivt at så mange gutar og jenter møtte på handballtrening, fortel Veamyhr.