Innvik og Utvik:

Står samla om E39-kryss

436 personar i Innvik og Utvik har skrive under på at dei vil ha det planlagde E39-krysset flytta frå Skåden til Li.

Samde F.V: Tanja Hage frå Utvik med Wald Lyslo, Gunn Bente Skåden og Ove Hammer frå Innvik har samla 436 underskrifter m.a med krav om å flytte E39 krysset frå Skåden til Li. Bygda vil også ha høgast mogleg trase gjennom Vikane og kryss mellom fv 60 og tilkøyringsveg til E39 på Heggdalsstranda.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Initiativet til ei underskriftliste med krav om å flytte det planlagde E39-krysset frå Skåden til Li har gitt stor oppslutning. Etter E39-møtet i Vikane i desember har no heile 436 personar skrive under på kravet.

Initiativtakarane hadde på førehand venta stor støtte, og det har dei fått.

– Dei aller fleste over 18 år i Innvik og Utvik har skrive seg på, så vi er positivt overraska. Oppslutninga viser berre kor viktig dette er for oss og at Vikane står samla i dette, seier Wald Lyslo.

Han kan ikkje hugse at det har versert underskriftslister i Vikane tidlegare.

– Utvik og Innvik står samla, og det burde vere eit sterkt og tydeleg signal til både Statens vegvesen og politikarane, seier Tanja Hage frå Utvik.

– Fryktar de at motstanden kan setje E39 Byrkjelo-Grodås-alternativet i fare?

– Det er ingen som ikkje vil ha E39 her, men vi må få meine noko om krysset. Når vegen vil gi så stor samfunnsnytte trur vi at den kjem til å bli bygd, fortel dei.

Forventar å bli høyrde

Hage poengterer at det er meir dei kunne ha sett fingeren på.

– I Utvik kunne vi tenkt oss eit kryss, men veit at vi ikkje kan få alt. Får vi flytta krysset til Li så blir det ikkje meir støy frå oss, seier Hage.

Underskriftslistene blir levert Statens vegvesen som høyringsuttale (med frist 21. januar) og Stryn kommune. Dei forventar at lokalpolitikarane høyrer på dei.

– Absolutt. Når nesten heile Utvik og Innvik er samde så må dei høyre på oss, seier Hage og Skåden.

Skrivet, med 436 underskrifter, grunngjev krava med at vegvesenet sitt tilrådde forslag vil føre til store ulemper for jordbruk, landskap og bumiljø.

Legg ved eige kryss-alternativ

Av dei tre punkta går det fram ønskje om høgast mogleg trase gjennom Vikane og påkøyringsveg og kryss med fv 60 på Heggdalsstranda. Sist, men ikkje minst, krav om at krysset mellom E39 og fv 60 altså leggast mellom Li og Øyna.

E39 I denne skissa går vegen frå fv 60 ved ullvarefabrikken opp til E39. Tilkomstvegen er no tilrådd frå Heggdalstranda. Det er no sterkt ønske i Vikane om å flytte E39-krysset frå Skåden til Li.  Foto: Statens vegvesen

Kurt Skagen i Statens vegvesen meiner terrenget på Skåden er ideelt for eit kryss og har gitt uttrykk for at Li er for bratt.

Wald Lyslo er ikkje samd og legg ved eit kryssalternativ der tilkomstvegen går under E39 og ikkje over med bru, slik vegvesenet ønska.

– Er det vilje til det så er det fullt mogleg, meiner han.

Les også: Nordfjordbrua vil bli eit landemerke.

Statens vegvesen si tilrådde løysing ligg ute på høyring fram til 21. januar.