- Stadig forsøk på datasvindel

Politioverbetjent Lasse Trosdahl  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Politiet får stadig meldingar om folk som blir forsøkt lurt av datasvindlarar. Nokre let seg også lure.

- Det ringjer gjerne ein person og seier du har fått virus på datamaskina di, og vedkomande vil ha tilgang til å fjernstyre deg. Då vert det bede om brukarnamn og passord. Kjem ein person så langt, er ikkje vegen lang før han har klart å trekkje kontoen din for pengar, seier politioverbetjent Lasse Trosdahl.

Andre svindelforsøk i det siste går ut på at personar får epost med beskjed om at du er filma medan du har vore inne på pornografiske sider. Desse filmane vil dei publisere om du ikkje betalar.

- Nokre går dessverre på slike truslar og tek kontakt med politiet. Men det er lite eller ingenting politiet kan gjere med slike enkeltsaker. Regelen er klar. Ingen andre enn du skal ha kontroll på datamaskina di, og uansett ingen som ringjer eller sender epost. Legg på dersom nokon ringjer og slett denne type epostar, er det klare rådet frå Lasse Trosdahl.