Åge Sten Nilsen til Loen: - Gler meg spesielt til Bohemian Rhapsody!

Det vert høg hit- og allsongfaktor når Åge Sten Nilsen kjem til Loen laurdag med sin Queen-hyllest.

Queen: Åge Sten Nilsen kjem til Loen med sin Queen-hyllest.   Foto: Pressefoto

Nyhende

Etter 10 år og over 600.000 publikummarar valde Nilsen å avslutte Queen-hyllestshow et «The Show Must Go On». Men nokre få, eksklusive stader vil likevel få eit gjenhøyr med artisten sine Queen-tolkingar i «Åge Sten Nilsen - One Night With Queen». Og laurdag er det Hotel Alexandra i Loen som står for tur.

Musikken står i høgsetet, akkompagnert av det faste bandet fra suksess-showet. Tidspunktet kunne neppe passa betre: Filmen om vokalist Freddie Mercury og Queen, «Bohemian Rapsody» har gått sin sigersgang på kinoane og stakk av med to av dei gjevaste prisane på årets Golden Globe.

- Eg gler meg stort til å kome til Loen! seier Åge Sten Nilsen til Fjordingen.

Han fortel at ein av hovudgrunnane til å lage ein pakke med det beste frå Queen i konsertformat er at dette er ein versjon som det er enklare å reise med.

- Dermed kan vi besøkje stader vi ikkje kunne besøkje med «The Show Must Go On», seier han.

No ser han fram til konsert med Queen-perler laurdag kveld.

- No har du gjort desse låtane hundrevis av gongar. Men likevel: Kva gler du deg mest til?

- Bohemian Rhapsody! Den slær aldri feil, seier den rutinerte og meritterte rockeartisten entusiastisk. - Det er ein låt alle kan og har eit forhold til, så det vert alltid kjempestemning og allsong. Men det er elles også så å seie berre kjent stoff, 99 prosent er låtar som alle har høyrt. Så her er det mykje å kjenne seg att i og synge med på!

Åge Sten Nilsen vert omtalt som den største Queen-tolkaren i Skandinavia, og vart for alvor allemannseige som vokalisten «Glam» i Wig Wam, som vann den norske finalen i Melodi Grand Prix i 2005 - framfor Jorun Irene Erdal.