Magnar Alain Hauge er med i NRK si nye storsatsing:

Agenten frå Innvik

Han vaks opp i Moskva, Tokyo, Oslo og Paris, men Magnar Alain Hauge har alltid hatt sitt trygge anker i Innvik. No kan du sjå han på TV – som agent!

Moro: – Det høyrdest utruleg moro ut å få opplæring som agent, seier Magnar Alain Hauge på spørsmål om kvifor han melde seg på Den ultimate agent. Sjølv har han ein allsidig bakgrunn, med oppvekst i Moskva, Tokyo, Oslo og Paris. I tillegg har han i vaksen alder budd i USA – og Innvik.  Foto: SAROSI ZOLTAN

Nyhende

Dersom du sig ned i godstolen framfor fjernsynet laurdag kveld, er det sjanse for at du får med deg NRK si nye storsatsing «Den ultimate agent». Gjennom 10 program skal 16 deltakarar få opplæring som agentar. Kven er best til å riste av seg forfølgjarar, knekke koder, lyge truverdig, avsløre bløff og operere i det skjulte? Serien er spelt inn i Ungarn, der agentspirene blir delte inn i to konkurrerande lag, Team Buda og Team Pest.

130 kalkunar!

Og mellom deltakarane er ein mann innvikarane kjenner godt: Magnar Alain Hauge. Oppvaksen i Moskva, Tokyo, Oslo og Paris, men fast sommargjest hos farmor Magnhild og farfar Magnus Hauge i Innvik i heile oppveksten, og dagleg leiar for Innvik Fjordhotell Misjonsheimen frå 2001 og ut 2005. Han og familien hadde tidlegare budd i USA, med seg på lasset hadde dei ein tradisjon som har halde fram ved hotellet i Innvik: Feiring av Thanksgiving.

– Eg brukar å smykke meg med at eg har steikt fleire kalkunar enn ei gjennomsnittshusmor i Amerika, ler han. – Det vart vel ein 130 stykke innan vi flytta frå Innvik!

Opplevde avlytting i Moskva

Faren var tilsett i UD. Det betydde mykje flytting.

– Skal du føle deg norsk når du bur rundt om i verda, må du ha haldepunkt. For meg var det to: Huset vi hadde i Oslo, og huset til farmor og farfar i Innvik. Eg har utruleg gode minne frå oppveksten, det regna ikkje på Vestlandet då eg var barn! ler han.

Familien budde i Moskva til Magnar Alain var 10 år.

– Det var i Sovjetunion-tida. Dei følgde med på alt vi gjorde, det var avlytting og heile pakka. Sjølvsagt «visste vi ikkje noko om det», men dersom vi hadde vener over og det skulle snakkast om noko politisk betent, brukte vi tavler til å skrive på så dei ikkje skulle høyre det! hugsar han.

Høyrdest veldig moro ut

No er fembarnsfaren busett i Oslo og jobbar for studentsamskipnaden.

– Korleis kjem ein på å melde seg på ein agent-realityserie?

Magnar Alain Hauge ler.

– Du, det er eigentleg litt festleg. Eg ser ikkje mykje på TV, og i alle fall ikkje på reality. Det har liksom vore «herlegheit, kvifor vil folk vere med på dette»?

Men så sat han på hytta ein kveld med tvillingane sine.

– Dei er 3 år, og dei legg seg relativt tidleg. Så det vart litt meir å sitje og sjå på TV, og då dukka det opp ein trailer for denne serien. Det høyrdest veldig moro ut, dette å få masse opplæring som agent. Samstundes tenkte eg at det kanskje kunne passe meg, eg er ikkje ekspert på noko, men eg er ganske god på ganske mykje!

Så han tok kontakt, for deretter å gløyme det heile, til dei ringde og skulle ha han på audition. Og så skulle han plutseleg ein månad til Budapest!

– Kva sa dei heime?

– Dei eldste borna tykte det var moro. Det var verre med dei minste, der pappa berre forsvann og var «ute av loopen». Men det gjekk greitt, det ordna seg med hjelp og sånn!

16 deltakarar: Totalt 16 deltakarar frå heile landet er samla i Budapest for å få opplæring og konkurrere i å bli den ultimate agenten.   Foto: SAROSI ZOLTAN

Innvik-reklame

Opphaldet i Budapest var spennande.

– Konseptet er heilt nytt, så vi kunne ikkje søkje opp og sjå tidlegare sesongar. Vi ante ingen ting då vi drog, fortel han.

Litt Innvik-reklame hadde han ordna med før han drog:

– Eg har ein kamerat som driv ei lita bedrift med spesialdesigna T-skjorter. Så eg fekk laga eit par T-skjorter før eg reiste. På dei står det «Paris-New York-Tokyo-Innvik». Håpar innvikarane set pris på det!