Spelar finale i morgon:

Raftevold trur på NM-gull

Finale: Oskar Raftevold og Førde spelar NM-finale laurdag.  Foto: Privat

Nyhende

Laurdag spelar Oskar Raftevold frå Innvik NM-finale i volleyball for Førde Volleyballklubb.

Førebels seier han at nervane er under kontroll.

– Kven ser du på som favoritt i finalen mellom Førde og Randaberg, og kva må til for at de skal vinne kampen?

– Eg ser nok på oss som ein liten favoritt, men det er snakk om ein enkelt kamp, så alt kan skje. Det viktigaste for vår del er at vi greier å spele vårt eige spel. Vi har berre to treningar med full tropp før kampen sidan Mathias Loftesnes og Øystein Bergum har spelt med landslaget siste to vekene, så det blir viktig at vi finn flytsona, seier ein spent Raftevold til Fjordingen.

Dette er innvikaren sin første seniorfinale i NM.

Også Førde sitt damelag har spelt seg fram til finalen. Som for herrane er Randaberg motstandar. Finalane blir spelt i Ekeberghallen i Oslo.