Rykka ut etter røykutvikling

Nyhende

Naudetatane har rykka ut til røykutvikling på eit kjøken i Stryn. Undersøkingar viser at ein komfyr har forårsaka røyken, meldte Vest politidistrikt på Twitter.

- Det var tilløp til brann i eit kjøkken på Visnes, men denne var slukka før politiet kom til staden, seier politioverbetjent i Stryn, Lasse Trosdahl til Fjordingen.

To personar har fått i seg noko røyk og er sendt til rutinemessig sjekk. Det har gått bra med begge to, seier Trosdahl.