Simon yppa seg mot langrennsjuniorane

I toppen: Simon viste nok ein gong at han er mellom dei raskaste på ski i sin årsklasse. Fredag vart det 8.plass i norgescuprennet på Konnerud.  

Nyhende

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit godt løp då juniorane var samla til norgescup på Konnerud ved Drammen fredag. Han gjekk inn til ein sterk 8. plass på 10 km skøyting i klassen eldre junior, 19-20 år.

Over halvparten av dei framfor han på resultatlista var 20 åringar, medan Simon fylte 18 år så seint som i desember.

Skiskyttar- og langrennstalentet frå Markane IL kom inn på tida 23,35,7 min. Han var eit lite minutt bak vinnaren Håvard Moseby frå Kjelsås.

- Det var sannsynlegvis mest irriterande å bli slegen av fetteren med sju sekund, ler far Sigbjørn. Han viser til søskenbarnet og sonen til Odd-Bjørn Hjelmeset, Lars Agnar Hjelmeset, som vart nummer fire i 18-årsklassen.

I morgon er det klassisk sprint og søndag er det 20 km klassisk i løypene på Konnerud.