Skråblikk:

Johan

Det vert færre av oss. Snart er det ingen att. Eg snakkar om oss som klorar oss fast i småbruka våre og «driv med sau».

Vill, villare, villsau: « Eg fekk trengt han opp i eit hjørne utanfor løa. Heiv meg i eit hiv som ville fått Erik Thorstvedt til å trygle om autografen», skriv Reidar Ladehaug i historia om væren Johan. Illustrasjon: Roy Aron Myklebust 

Nyhende

Kvifor vi held på er ei gåte. Vi hadde hatt brød på bordet utan, og litt attåt. Nok til å brune både leggjer og anna på sydlege holmar om vi ville. Der vi kunne kvile augene på palmeblad og kvite strender istaden for skeivvokst brakje og sugande støvlemark. Vi hadde ikkje trengt å tenkje på medisinering mot innvollsmark eller om vi får tak i sauekløppar i år òg. Eller på lamminga, - eller paringa.

Berre fordi du er odelsgut, - eller jente! Derfor må du kjenne på ansvaret, på at du skal føre vidare det han far og faren hass har brote fram av bø og beite, av oppmura steingardar og lune plassar der heggen lyt få stå. – Du er ung, du forbannar odel og arv. Vil bu i by, drikke kaffelatte, vere urban!


Men så, ein sommarkveld oppe ved heggen, den som bestefar let stå, der kjem det over deg ei ro, - ei innsikt. Bjøllesauen er ikkje lenger irriterande. Lyden av småfuglane er musikk, som å høyre «Svanen» frå Dyrenes Karneval av Saint-Saêns. Du ser deg rundt, på dei beitande dyra, på steingardane, på tuene og steinane som alltid har vore der, på husa der nede, på bestefar som sakte rundar løenôva. Kjenner med undring på freden, på ei glede. Veit at du ikkje har snoka i bestemor sin raudvin, dette er ekte saker. Himmelen er blå. Lett i steget tuslar du heimover, skrevande over sauegarden sjøl om grinda står tett attmed.

Og tenkjer: Til helsike med barista og kaffelatte, det er her eg vil bu!


Denne lett panegyriske hildringa er meint å forklare gåta. Som ikkje er ei gåte. Vi «driv med sau» fordi vi vil. Arv, javel, men det er òg ei glede. Sauer er ålreite dyr, sa Liv Finstad. Villsauene våre hindrar tilvekst, at alt gror igjen; - dei tek vare på kulturlandskapet som det så fint heiter. Eg vil sitere ein forfattar frå hine dagar: «Dog er jeg blivet glad i disse nøisomme dyr. At give dem laavetørket høi i Februar er en glæde stor. De lever i sannhed i nuet! Saa vælsignet frie for skam, frie fra menneskets selvpaalagte obligationer og normative tilpasninger»


Saueflokken må fornye seg, få lam, og kvart år er det ut for å skaffe ny vær. Denne gongen vart det eit staut eksemplar, kjøpt av ein bonde lengre oppe i bygda. Ein med svære horn, høgreist og fin og med «ballja som sette djupe fôre i hona», som ein gammal bonde sa det.


Johan - som eg kalla han - hadde ei avslappa tilnærming til bigamiparagrafen. Han tok for seg der han kunne. Skulle berre mangle! Litt skal du ha igjen når livet er kort og morrpølse er det du endar opp som så snart slekta er ført vidare! Han gjorde jobben sin, vart far til mange. Kor mange visste han ikkje sjølv, teljinga overlet han til oss.

Sommaren gjekk og Johan treivst i flokken. Ein dag såg eg han inn i augene og ymta frampå om komande lagnad. Augene er «sjelens speil» seiest det, men no vart eg litt usikker. Bodskapen syntes ikkje å spore til ettertanke og med stoisk ro bøygde han hovudet og togg vidare...


I september tok vi inn dyra for å skilje heldige frå uheldige; dei som skulle få leve vidare, og dei som måtte ut på dei evige beitemarker. Johan hadde flaks, han skulle seinare - lukkeleg uvitande - få seg nytt harem på eit anna bruk i bygda.


Vi sorterte sauene, og ei stund vart Johan ståande att åleine i floren. Det likte han dårleg. Som vi veit er villsauer flokkdyr, som vi tobeinte òg er. Yr som han var spratt han ut or bingen, tok rennfart og hoppa rett gjennom eit smalt vindauge. Om det var synet som skranta eller om han hadde sett for mykje på amerikanske filmar får vi aldri vite. Det singla iallfall; glaset var ikkje ope! Men Johan var fri!

Enn så lenge; eg fekk trengt han opp i eit hjørne utanfor løa. Heiv meg i eit hiv som ville fått Erik Thorstvedt til å trygle om autografen, og med kvitnande knokar rundt horna fekk eg baksa han innatt i løa.


Eg tjora han fast til ein stolpe, med fleire tau og doble knutar. No kunne han iallfall ikkje stikke av. Tenkte eg, sikker i mi sak.


At Johan skulle ha kunnskap om Houdini er hinsides all fornuft, men igjen vart eg litt usikker…..

For tru det eller ei, fyren hadde prestert å røske seg laus om natta! Gjort same spranget som sist - men no utan singling - løypa var klargjort før.


Med taukveilen rundt horna, som ein firbeint sikh, strauk han avgarde, leitande etter søyene sine. Uråd å få tak i, vi gav opp, iallfall inntil vidare.


To dagar etter ringde telefonen. Ikkje frå grannebruket, heller ikke frå det bortanfor, men det bortanfor der igjen. Om vi sakna ein vær, ein med turban?


Sauer er ålreite dyr……