Marthe Holien Bø er nominert til Vixen-pris

Bloggar og forfattar Marthe Holien Bø kan vinne prisen i klassen for interiør under årets Vixen Influencer Awards. – Veldig stas, seier Bø, som synest det er ekstra kjekt at folk i Stryn er positive til det arbeidet ho gjer.

Stas: - Veldig stas å vere finalist i interiørkategorien i Norges største bloggkåring, seier Marthe Holien Bø, her under signering av boksuksessen «Kyss hverdagen» i Stryn i haust.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Vixen Influencer Awards er ei prisutdeling i regi av motemagasinet Vixen, der målet er å heidre dei beste påverkarane, influencarane, med prisar.

I kategorien Årets influencer: Interiør er Marthe Holien Bø nominert med bloggen Marthe Bø (marthebo.no) saman med Halvor Bakke, Amalie Fagerli, Franciska Munck-Johansen og Nina Skjærli.

Det er publikum som har røysta fram favorittane sine til finalen, etter at semifinalistane som vart presenterte av ein jury i desember. Det har kome inn over 800.000 stemmer i kåringa, opplyser Vixen på si nettside.

- Veldig stas

– Det er veldig stas å vere ein av fem finalistar i kategorien interiør i det som er Norges største bloggkåring. Eg synest det er ekstra fint at det er stemmene frå følgjarane og lesarane mine som avgjorde at eg kom til finalen. Det betyr at folk set pris på det eg forsøker å formidle: At interiør handlar om meir enn ting. Det handlar om stemning, atmosfære og det å skape ein heim, uavhengig om du fyller huset med dyr design eller bruktkjøp, seier Marthe Holien Bø til Fjordingen.

– Eg opplever at folk i Stryn er positive til det eg gjer, og det er noko som betyr mykje for meg. No blir det høgee hælar og raud løpar i Oslo. Fint for ei bygdejente, det også!

Juryen avgjer

Det er juryen, leia av Astrid Valen Utvik, som no kårar vinnarane som vert presenterte under prisutdelinga Vixen Influencer Awards på Christiania Teater i Oslo 17. januar.

Magasinet Vixen, som står bak Vixen Influencer Awards, vert gjeve ut av Chilli Publications AS. I Vixen Influencer Awards vert det sett fokus på påverkarar (influencarar) og marknadsføring gjennom desse.

Ein influencar, eller påverkar, som Språkrådet har valt som det norske ordet, er ein person som utøver påverknad på andre gjennom innhald som vert publisert og delt i eigne kanalar og sosiale media.