Positive til busetjing av tjue kvoteflyktningar

– Vi er klare for å ta imot tjue kvoteflyktningar, seier Jorge Hidalgo ved Flyktningtenesta og Hilde Nesje ved Vaksenopplæringa i Stryn.

Klar: Leiar for Flyktningtenesta i Stryn, Jorge Hidalgo, seier dei er klare til å ta imot tjue kvoteflyktningar dette året. Familiegjenforening kan også gjere at talet blir høgare.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Onsdag handsama formannskapet i Stryn førespurnad frå IMDI (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) om busetjing av tjue kvoteflyktningar i 2019. Det er i statsbudsjettet lagt opp til ein auke i talet overføringsflyktningar, og truleg vil dette også gjelde for Stryn. Dette er flyktningar som kjem direkte frå utlandet og vil ofte trenge meir oppfølging enn dei som kjem frå asylmottak og allereie har kjennskap til det norske samfunnet.