- Viktig å minne om beltepåbodet

Politibetjent Eirik Krossen minner om beltepåbodet.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

- Bussvelten i Skåk og også utforkøyringa med buss på Dispen i august i fjor, er viktige påminningar om kor viktig det er å bruke setebelte også i buss. Det seier politibetjent Eirik Krossen til Fjordingen.

- Det er påbod om å bruke belte også i buss, og gebyret for ikkje å bruke belte er på 1.500 kroner. Årsaka er klar: Skulle bussen velte eller kollidere, kan beltet vere forskjellen mellom å sleppe frå ulukka utan skader eller med store skader. I verste fall døden, seier Krossen.

Han seier det finst mange videoar til dømes på YouTube, der ein kan sjå frå innsida i ein buss når denne går rundt.

- Det er mykje energi i sving når ein person vert kasta rundt i bussen. Ein person på 80 kilo som treff ein medpassasjer er til stor fare for seg sjølv og andre. Ein kan påføre medpassasjeren betydelege skader og i verste fall det som verre er. Ein kan og bli kasta ut av bussen og bli klemt ihel dersom ein sit usikra. Det finst døme døme på slike dødsulukker, seier Krossen.

Han opplyser at det er mest Statens vegvesen som utfører kontrollar om beltebruk, men at og politiet sjekkar beltebruk.

- Men det burde vere unødvendig å sjekke, fordi det bør vere sjølvsagt at alle brukar belte, seier Krossen.