Zakopane

Kan glede seg over lagkameratane

Men det lukkast ikkje for Anders Fannemel

I Zakopane Ingen stor hopphelg for Anders Fannemel i Polen  Foto: TADEUSZ MIECZYNSKI

Nyhende

Anders Fannemel hoppa 120 meter i første omgang i den individuelle konkurransen i polske Zakofane søndag. Det heldt diverre ikkje til deltaking i andre omgang for honndølen.

Fannemel kunne i staden sjå lagkamerat Robert Johansson sikre seg 2. plassen i verdscupen bak vinnaren Stefan Kraft.

Johann André Forfang, som vart diska i lagkonkurransen laurdag, tok ein sterk 4. plass bak japanaren Yukiya Sato på 3. plass.

Med Halvor Enger Granerud på 5. plass enda det altså med tre nordmenn på topp fem søndag.

- Fantastisk norsk innsats i dag, fastslo NRK-kommentator Anders Jacobsen.