Loen/Vikane beit godt ifrå seg

Flott innsats: Loen/Vikane 1 blei nummer tre i A-sluttspelet, medan Loen/Vikane 2 gjekk til topps i C-sluttspelet.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Loen/Vikane sine to jenter 14-lag i fotball beit godt ifrå seg i Sparebanken Vest Cup i helga.

Førstelaget vart nummer tre i A-sluttspelet, medan andrelaget gjekk heilt til topps i C-sluttspelet.

På bildet ser vi (bak frå venstre): Filippa Vangberg, Elise Brattaker Loen, Mathilde Garlid Tenden, Lieke Winkelhorst, Mathea Carlsen, Linn Kristin Berstad og Robin Gulliksson.

Framme frå venstre: Pernille Alette Fløtre, Tuva Kvame Gulliksson, Natalia Orlayova, Maja Fuglestrand Baade, Alva Johanna Heggdal Verlo og Katrine Bruland.

Andre lokale plasseringar: G14: Stryn 1 nr. 3 i A-sluttspelet. J14: Stryn nr. 3 i A-sluttspelet, Stryn 2 nr. 2 i B-sluttspelet. G13: Stryn 3 nr. 1 C-sluttspelet, Stryn 1 og Stryn 2 nr. 3 i C-sluttspelet.