Johannes Thingnes Bø er ikkje i tvil om kva som tel denne sesongen:

– Det er den gule trøya som gjeld

Johannes Thingnes Bø kan så langt sjå tilbake på ein fantastisk sesong. Med ni sigrar fossar han vidare i jakta på samanlagtsigeren i verdscupen.

Fokusert: Johannes Thingnes Bø har samanlagtsiger i verdscupen som førsteprioritet denne sesongen. Stryningen ofrar glatt eit ny VM-tittel til fordel for ein samanlagtsiger. I helga tok han sin niande siger i verdscupen, noko som er personleg rekord. Førre sesong vann han åtte løp.   Foto: vegardphoto.com Vegard Breien/Norges skiskytterforbund

Nyhende

Thingnes Bø har vore nærast utilnærmeleg til no i sesongen, og Markane-ekspressen har stått øvst på sigerspallen i heile ni av 12 løp. Etter at han vart nummer to i samanlagtcupen sist sesong ligg 25-åringen godt an til å bli den første på fleire sesongar til å tukte franskmannen Martin Fourcade.

Sidan han no leiar verdscupen med 186 poeng føre russaren Alexander Loginov endrar Thingnes Bø litt på planane han la i haust.