Med humørfylt pedagogisk tilnærming hadde dokkemakar Gunnar Nygård full merksemd frå skuleelevane. I 43 år har dokkene vore sentrale moment i livet til kunstnaren.
Med Kaspar-dokker, teikningar, pappmasjé, lim og måling i bagasjen besøkte han Hornindal skule. Ikkje for sjølv å lage dokker, men for å la elevane bruke eigne skaparevner til å få fram mimikk og personleg uttrykk i produksjon av dokkehovud. Nygård meiner dokkeverkstad over tid kan vere eit prosjekt som kan munne ut i teaterframsyning med eigenproduserte dokker.