Stor handballturnering i Innvik

Hundrevis av publikummarar var innom Styrkhallen i Innvik i helga der mini-turneringa i handball vart arrangert.

til angrep: F.v.: Vilde Skaar Johansen, Benedikte Flo Tonning og Nina Lunde Hallor i Stryn sitt J9- lag byggjer opp eit nytt angrep i miniturneringa i Styrkhallen i Innvik laurdag.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Den årvisse turneringa har lag med spelarar i alderen 6 til 10 år. Laurdag var det jentelaga som sleit parketten i Styrkhallen og søndag var det gutelaga.

Stryn j9: F.v.: Emma, Nina, Ingrid Marie, Vilde, Thea, Benedikte og Mina var eitt av tre handballag frå Stryn.  Foto: Roger Oldeide

Over 30 jente- og gutelag frå sju ulike klubbar deltok. I tillegg til vertslaget Vikane IL, var Stryn T & I, Eid, Breimsbygda, Stårheim/Haugen, Bremanger og Fjellhug / Vereide IL med i turneringa.