Bastille til Malakoff

Dei britiske verdsstjernene i Bastille set kursen for Malakoff til sommaren.

Kjem til Nordfjordeid: Bastille står bak store hits som Pompeii og Happier, og er klare for publikum på Malakoff 2019 på Nordfjordeid 19. juli.   Foto: Foto: Presse

Nyhende

Bandet har om lag 3,5 milliardar strøymingar, ligg på toppen av hitlistene, har megahits som «Happier» og «Pompeii», og eit nytt album på veg som det er enorme forventningar til. Fredag 19. juli opplever publikum dei på Malakoff19!!

– Å få besøk av band av eit slikt verdsformat er utruleg stort, og vi gler oss vilt, seier ein fornøgd festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal i ei pressemelding. Bastille spelar rundt omkring i heile verda og er eit av dei mest streama banda akkurat no. Dei spelar to festivalkonsertar i sommar, og ein av dei er på Malakoff.

Dermed er Weezer, Bastille, Madrugada, Sigrid, Bigbang, Slaves og Djerv så langt klare for Malakoff 18.-20.juli 2019.