Knalltøft program i Italia

Tøff helg: Med renn fredag, laurdag og søndag får Tarjei Bø (t.v.) og Johannes Thingnes Bø lite tid til restitusjon. Anterselva i Italia er vertskap for denne verdscuprunden.  

Nyhende

Verdscup i Anterselva i Italia står for tur for skiskyttarane, og det går slag i slag frå fredag til søndag. Det startar med sprint fredag ettermiddag før jaktstarten står på programmet dagen etter. Verdscuprunden i Italia vert avslutta med fellesstart søndag. Med andre ord tre løp på tre dagar, der det blir lite kvile mellom slaga i løypene som skal brukast i neste års VM.

– Det blir ei utfordring i dei omlagde løypene på 1.800 meter over havet. Men Anterselva er favorittplassen, og torsdag kom kona ned for å heie. Så det blir ei bra helg, seier verdscup-leiar Johannes Thingnes Bø til Fjordingen. Landslagstrenar Egil Kristiansen har trua på Bø-brødrene.

– Det blir full gass på dei to i helga. Det blir vanskeleg å få kvile nok, men om dei er flinke på ernæring osv. så skal det gå bra. Men at det blir ei tøff helg er sikkert, seier Kristiansen.