Nordfjord Folkemuseum:

- Får allsidig innblikk med tekstilutstilling

Utstilling: Ingrid Berger med nokre av heklene som står i utstillinga om tekstilarbeid ved Nordfjord Folkemuseum.  Foto: Norfjord Folkemuseum

Nyhende

Nordfjord Folkemuseum set i 2019 opp månadlege arrangement i tilknyting til utstillingar, prosjekt og aktuelle tema. Først ut er museumssøndagen knytt til tekstilutstillinga frå fiber til tråd, der ein gjennom bilete, reiskapar, tekst og video kan sjå arbeidsprosessane som må gjerast for å få linstrå om til lintråd.

– Det var ein lang og arbeidskrevjande prosess, som må ha tæra på både tid og krefter. Ut i frå materialet vi har tilgjengeleg ser vi at nordfjordingane importerte tekstilråvarer, samstundes som dei produserte sjølve. Spesielt frå 1800-talet ser vi at bomull, som måtte importerast, vart stadig viktigare. Samstundes har vi funne opplysingar om at lintekstil vart produsert for sal nokre stader i Nordfjord, seier Berger, som skal halde innlegg om tekstilarbeid.

På same tid bana den industrielle revolusjonen veg for nye måtar å lage varer på. Med idear og erfaring frå Amerika grunnla Wald P. Skaaden Indvikens Uldvarefabrik i 1890, ein fabrikk som etter fleire utvidingar vart ein av dei største i sitt slag i Norden. Eit industrieventyr, som ein også kan lære meir om på museumssøndagen når Tone Barnung, nestleiar i Gamle Innvik ullvarefabrikk og designar ved Innvik Sellgren, kjem for å fortelje om tekstilproduksjonen.

- Klede og tekstilar omgir vi oss med i mengder kvar einaste dag, men vi tenkjer kanskje ikkje alltid på arbeidet som ligg bak, eller korleis dette var for forfedrane våre. Her får ein høve til eit allsidig innblikk i dette. Og dei som vil kan også få prøve seg på karding av ull og bråking av lin, seier Berger.