Reagerer på at Mork Rehabiliteringssenter står i fare for nedlegging:

– Eg hadde vore sosialklient utan hjelp frå Morksenteret

– Korleis skal ein spare pengar på å legge ned rehabilitering, spør John Edelston som takkar rehabiliteringssenteret for at han kom tilbake i arbeid etter hjerneslag.

Takkar Mork Rehabiliteringssenter: – Eg hadde truleg levd på stønad frå Nav i årevis utan behandlinga eg fekk på Mork, seier John Edelston (75) som er forarga over at rehabiliteingstilbodet no står i fare for nedlegging  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

– Takka vere Mork rehabiliteringssenter har eg vore i stand til å bidra til samfunnet i staden for å vere ei utgift, seier John Edelston som i ein alder av 75 år framleis er i arbeid som sjølvstendig næringsdrivande.