Sogn og Fjordane teater kjem til Hornindal:

- Sterk forteljing om barn og omsorgssvikt

«Alt det lyse og alt det mørke» av Brynjulf Jung Tjønn er ei sterk forteljing om korleis omsorgssvikt kan gå i arv frå slektsledd til slektsledd, utan at nokon grip inn.

«Alt det lyse og alt det mørke» med Sogn og Fjordane teater viser stykket i Honndalshallen laurdag 2. februar.  Foto: David Zadig/SOF Teater

Nyhende

Det spesielle er at denne historia blir fortald frå barnet sitt perspektiv.

18. januar var det urpremière på stykket til Sogn og Fjordane Teater i Førde, og laurdag 2. februar får Honndalshallen besøk.