Fekk siste plassen

Oberstdorf: Anders Fannemel deltek i skiflygingsrenna i Oberstdorf i helga.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Anders Fannemel fekk den siste plassen som stod ledig, og honndølen blir dermed å sjå i Oberstdorf der skiflyging står på programmet denne helga.

Det var etter god treningshopping onsdag at Fannemel fekk klarsignal om å førebu seg på konkurransane i Oberstdorf. Om han ikkje hadde fått plassen ville han prioritere trening på heimebane, sa Fannemel til Fjordingen før uttaket var klart.

Resten av det norske laget som stiller i Oberstdorf er sett saman av Daniel-André Tande, Johann André Forfang, Robert Johansson, Andreas Stjernen og Halvor Egner Granerud.