Mads Wie tilbake i strynedrakta

Måljegeren Mads Wie returnerer til Stryn etter ein sesong i Sandane.

Retur: Mads Wie blir igjen lagkamerat med Mathias Garlid og Emil Allesøe i Stryn. Glopparen scora 80 mål på 76 kampar før turen gjekk tilbake til moderklubben Sandane før førre sesong. No er han klar for Stryn.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

– Etter eitt år i moderklubben Sandane er Mads Wie tilbake i strynedrakta. Wie kom til Stryn første gong i 2015, og i løpet av tre sesongar scora han 80 mål på 76 kampar for klubben før han valde å returnere til heimbygda framfor førre sesong.

Glopparen er speleberettiga for Stryn frå og med 30. januar 2019, og vil bruke våren til å trene seg opp att etter at ein skade sette han ut av spel i store delar av haustsesongen 2018, skriv Stryn fotball i ei pressemelding.

Kvalitetsspelar

– Mads har massevis av kvalitetar som kan bli viktige for oss utover i sesongen. Spisskvalitetane som han har kan og bli lærerikt for dei yngre spelarane våre på trening. Eg ser fram til å få han inn i spelargruppa, seier Stryn sin trenar Geir Inge Rake.

– Gutta på laget, folket rundt, miljøet og kameratskapet samt sjølve plassen Stryn var avgjerande, sa Wie då han snakka med Sport und Spaß på Radio Stryn onsdag kveld.

No blir det opptrening for storscoraren etter å ha vore skada i ein periode.