Får gå alle VM-løpa

Johannes Thingnes Bø er ein av fem skiskyttarar som får gå alle fem distansane i VM i mars.

VM: Johannes Thingnes Bø går alle distansar i VM i mars.  Foto: Svein Halvor Moe

Nyhende

Thingnes Bø har hatt ein strålande sesong så langt, og stryningen står med imponerande 11 verdscupsigrar.

Ifølgje Aftenposten har også Tarjei Bø fått beskjed om å førebu seg på samtlege VM-løp i Östersund.

– Vi tek ikkje ut det endelege laget før etter renna i Canmore og Salt Lake City dei kommende vekene, seier sportssjef Per Arne Botnan til Aftenposten.

Når han om 14 dagar presenterer VM-laget, vil også løparane få tildelt distansar. Det vil bli teke ut seks jenter og seks gutar til VM. I tillegg vil det bli teke ut ein heimeverande reserve til kvart lag, skriv avisa.

Med fem løparar allereie klare for alle distansar er det berre to plassar ledig på gutane sine øvingar. Og her kjem det til å stå mellom Erlend Bjøntegaard, Vetle Sjåstad Christiansen, Henrik L’ Abée Lund og Lars Helge Birkeland, ifølgje Aftenposten.

VM går av stabelen i tidsrommet 7. til 17. mars i svenske Östersund.