Stryn møter topplag

Tøft: Igor Dokmanovic seier at Stryn skal gje alt i kampen mot Tertnes laurdag.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Stryn sitt 3. divisjonslag i handball for damer tek i mot topplaget Tertnes laurdag.

– Vi skal vere klare til kamp. Tertnes er i toppen, men vi skal spele og fighte til siste sekund, lovar trenar Igor Dokmanovic.

Ivana Kresic var hemma av ein vond skulder i siste kamp mot Gloppen, men Dokmanovic håpar at toppscoraren er betre no.

– Ho starta å trene for to veker sidan, og ho treng tid på å kome tilbake i form, seier trenaren, som må klare seg utan Jenny Løvdal Stauri og Christine Tøsse Humborstad mot Tertnes.

Bergenslaget ligg a poeng med Fyllingen 2 på toppen av tabellen med 20 poeng. Stryn er nummer sju med 10 poeng.