– Eg vart møtt med kjærleik og omsorg

Etter ein planlagd hofteoperasjon rett før jul, fekk Johanna Nygjerd eit rekonvalesensopphald på Vikane omsorgssenter. -Helledussen for nokre kjærlege og omsorgsfulle personar som arbeider der.

Takkar omsorgssenteret: – For nokre kjærlege og omsorgsfulle personar som arbeider ved Vikane Omsorgssenter, seier Johanna Nygjerd som no er koma heim att i eiga stove.  Foto: Berit Melheim

Nyhende

Eg er så imponert. Dei gjer alt for oss. Desse må fram i lyset, seier den takknemlege dama som no er koma heim att i eiga stove.

Ho fortel at etter ein vellukka operasjon på Sentralsjukehuset i Førde, vart ho sendt til Vikane Omsorgssenter der ho skulle vere i fire veker for opptrening.