Det er varsla oppstart av regulering og planarbeid for Geilevegen, frå Smia til u-svingen ved Tonningskamben. Bakgrunnen er at det i kommunedelplanen er vedteke at Tonningskamben skal nyttast til bustadareal, og Geilevegen skal vere ein av to tilkomstvegar. Dette er ei sak som har skapt til dels sterke reaksjonar frå både innbyggjarar langs Geilevegen og brukarar av Tonningskamben
Målet med det oppstarta planarbeidet er mellom anna å sjå om det er mogleg å nytte vegen som tilkomst, og kva konsekvensar dette vil få. Ein skal mellom anna vurdere vegbreiddeutviding, oppgradering og VA-anlegg.