Kommunal gjennomfartsveg til Tonningssetra

Heilårsveg: Kommunestyret skal tysdag vurdere om det bør regulerast inn ein kommunal gjennomfartsveg til Tonningsetra. Bildet er teke frå Bøanedsetra mot Tonningsetra. I dag er det kun open veg sommarstid for ålmenta.  Foto: Privat

Nyhende

I kommunestyret tysdag skal ein vurdere om det i samband med det oppstarta detaljreguleringsarbeidet bør regulerast trasé for framtidig kommunal veg til Tonningssetra. Dette i så fall som ei forlenging av tilkomstveg til hyttefelta F020, F019 og F013, der Tinde Hytter no skal byggje ut.

Forlenga tilkomstveg: Det er i det innramma området at tilkomstvegen til dei komande hyttefelta er planlagt. No ønskjer kommunen å vurdere ei forlenging av denne og bruke vegen som gjennomfartsveg til Tonningssetra. 

 

Tonningsetra har i dag ikkje vinterbrøytt vegtilkomst, berre den gamle setrevegen til Bøasetra som er open sommarstid. Bøanedsetra hyttegrend har ein veg som endar ved det kommunale vassverket. Denne er privat.

- Å avsetje areal til eit slikt vegformål gjennom føreståande reguleringsplanarbeid, er kanskje den siste og einaste sjansen til å skaffe området ved Tonningsetra vegutløysing, skriv Kolbjørn Nilsen i saksutgreiinga til kommunen.