Oppfordrar næringslivet om å bidra med finansiering

– Vi har ei klar oppfordring til næringslivet i Stryn om å bidra med finansiering til utsmykking og møblement av Per Bolstad plass.

Kostnadsvurderinga på møblement er på rundt ein halv million, men dette er ikkje avklart før det har vore ute på anbod. No håpar prosjektgruppa at næringslivet vil bidra til finansiering av utstmykkinga av Per Bolstad plass, seier plan- og næringssjef Geirmund Dvergsdal.   Foto: Roger Oldeide/Arkiv

Nyhende

Det seier plan- og næringssjef i Stryn kommune, Geirmund Dvergsdal. Han fortel at dei har fått signal frå næringslivet om at dei vil vere med på utsmykkinga av plassen.

Kostnadsvurderinga er på rundt ein halv million, men dette er ikkje avklart før det har vore ute på anbod.