Rekordmange ledige stillingar på jobbmessa

Jobbmesse: Jobbmessa på Hotel Alexandra i Loen vert arrangert av Nav. Om lag 500 møtte i fjor.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Vi gjentek suksessen frå i fjor, der mange fekk tilbod om jobb. Rundt 40 bedrifter frå Nordfjord deltek på årets jobbmesse, og dei har med i overkant av 300 stillingar. Det skriv Nav i ei pressemelding.

– Dette er ei unik muligheit for arbeidssøkjarar å møte aktuelle arbeidsgjevarar innan eit variert og mangfaldig næringsliv. Det er stor etterspurnad etter arbeidskraft i regionen, og derav mange muligheiter for arbeidssøkjarane som møter opp. Vi i rekrutteringsteamet jobbar aktivt ut mot næringslivet, og vi er veldig glad for at så mange bedrifter deltek på årets jobbmesse, går det fram av pressemeldinga.

Jobbmessa vert arrangert i Loen onsdag.