Mork rehabiliteringssenter:

Tre veker med brukarmedverknad

– Det vil verte brukarmedverknad i prosessen fram mot eit endeleg vedtak om rehabiliteringstenesta. Men det er klart at tida er knapp.

Nedleggingstruga: Rehabiliteringstenesta kan verte omorganisert, og med det kan Mork rehabiliteringssenter verte nedlagt.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyhende

(Møre-Nytt): Det fortel Jorun Bøyum, konstituert klinikkleiar for klinikk for medisin og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal. Det er under denne klinikken rehabiliteringstenesta ved mellom anna Mork og Aure ligg.

Det er vidare ei faggruppe underlagt klinikk for medisin og rehabilitering som skal kome med sin konklusjon om den framtidige rehabiliteringstenesta i Møre og Romsdal.