12 køyrde for fort ved skulen i Hornindal

Nyhende

Politiet gjennomførte ein fartskontroll i 60-sona ved Hornindal skule tysdag.

Det vart skrive ut 12 forenkla førelegg for fart, der høgste fart vart målt til 85 km/t. Dette er ein km/t ifrå å bli fråteken førarkortet.

Det vart også skrive ut eitt forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon.