Aktivt småbrukarlag i Stryn

Held fram: Arne M.Sølvberg held fram som leiar i Stryn Bonde- og Småbrukarlag.  Foto: Gunnar-Arne Håland

Nyhende

Frammøtet til årsmøtet i kulturhuset var det beste på lange tider, skriv Stryn Bonde- og Småbrukarlag i ei pressemelding.

Nokre få unge er komne til på medlemslista, men der er god plass til mange fleire. Fylkessekretær Marit Milde hadde teke turen og heldt ei nyttig orientering om dei gode forsikringsav-talene ein har gjennom med- lemsskapet i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Den viktigaste oppgåva for laget er å kjempe for landbruket sine kår. På årsmøtet vart det organisert studiering om jordbrukstingingane, og det arbeidet endar opp med fråsegn frå Stryn BS til både fylkeslaget og NBS sentralt. Lokallaget i Stryn har dei siste åra vore aktivt på dette feltet etter at det vakna til live etter ein dvaleperiode.

Heile styret tok attval, med Arne M. Sølvberg framleis som leiar. Med seg i styret har han Ingolf Folven, Halvor Tenden, Margaret Skåre og Oddmund Teigland.