Stryn ungdomskule:

Får meir boltreplass

Ungdomsskulen får 8.000 nye kvadratmeter.

Meir plass Stryn ungdomsskule får meir boltreplass aust for skulen   Foto: Kart: Eivind Molland

Nyhende

Stryn ungdomsskule skal i lengre tid hatt ønskje om å ta i bruk og utvikle arealet på austsida av skulen.

Ifølgje saksframlegget skal kommunen ha hatt god dialog med grunneigar om innløysing. Intensjonsavtale med grunneigar Eivind Molland om 8.000 kvadratmeter skal vere inngått i mai i fjor og prisen er ifølge rådmannen akseptabel.

Formannskapet vedtok samrøystes å godkjenne kjøpekontrakten for del av gnr. 60, bnr. 1. Manglande finansiering på 160.000 kroner vert å finansiere ved låneopptak.

– Endeleg, sa Sonja Øvre-Flo (H) og Torstein Tvinnereim (V).

– Tilrettelegging for aktivitet på skulane er bra fram til ungdomsskulen. Der blir elevane berre møtt med asfalt. Dette er veldig bra, fastslo Tvinnereim.

Stryn kommuestyret vedtok kjøpskontrakta tysdag