Jordmorforeningen:

- Fryktar for fødeavdelingane

Trass i at Stortinget har bedt regjeringa sikre fødeinstitusjonane, kan fleire av dei bli nedlagde, seier leiar Kari Aarø i Jordmorforeningen.

Illustrasjonsfoto  Foto: Jordmorforeningen

Nyhende

Dei siste 40 åra har talet på fødeavdelingar og fødestover i Noreg vorte redusert frå 160 til 45. Leiar Kari Aarø i Den norske jordmorforening seier til Dagsavisen at det ikkje bør reduserast meir no.

– I Møre og Romsdal ser det ut som om fødeavdelingane i Molde og Kristiansund blir slått saman til éin. I nord står fødeavdelingane i Sandnessjøen og Brønnøysund i fare for å bli nedlagde. Vi fryktar òg at vedtaket om å bygge nytt hovudsjukehus i Innlandet vil føre til at ytterlegare fleire fødeavdelingar blir lagde ned, seier Aarø.

I fjor vart det protestert kraftig mot nedleggingar, og Stortinget vedtok å be regjeringa sikre ei trygg og framtidsretta fødselsomsorg ved å sikre fødeinstitusjonane.

– Sjølv berre nokre færre fødeavdelingar og fødestover vil innebere ei stor svekking av tilbodet og kan medføre at kvinner som skal føde, får mykje lengre reiseveg, seier Aarø.

Årleg er det rundt 500 ikkje-planlagte fødslar utanfor sjukehus, fordi kvinnene ikkje rekk fram til næraste fødeavdeling eller fødestove i tide.

(©NPK)