Stryn Sau og Geit:

Haukaas ny leiar

Charlotte Haukaas blir ny leiar i Stryn Sau og Geit. Ho tek over etter Arne M. Sølvberg.

Ny leiar: Charlotte Haukaas er ny leiar i Stryn Sau og Geit. Ho tek over etter Arne M. Sølvberg.   Foto: Hans Ivar Moss Kolseth (arkiv)

Årsmøtet på Matstova i Oppstryn samla bra med folk, og mange kom truleg for å høyre jordskiftedommar Eivind Helleland si glimrande orientering om gjerdelova

Nyhende

I ei pressemelding frå Stryn Sau og Geit går det mellom anna fram at årsmøtet samla mange medlemar:

– Årsmøtet på Matstova i Oppstryn samla bra med folk, og mange kom truleg for å høyre jordskiftedommar Eivind Helleland si glimrande orientering om gjerdelova. Dette er eit vanskeleg felt som vert stadig meir aktuelt der mange grunneigarar ikkje lenger sjølve held husdyr.

Oppmoda til avtalar

Helleland oppmoda sterkt om å få til avtaler grannane imellom. Dersom dette ikkje lukkast, er det best og økonomisk rimelegast å søkje hjelp frå jordskifteretten. Der ligg det lang røynsle, og stundom har dei fått til løysingar der den som har gjerdeplikta kjøper seg ut av plikta si for ein viss tidsperiode. Det er berre rett og rimeleg at dei som må rydde opp i gjerdehald dei ikkje har plikt til, også får godtgjersle for dette.

Helst var det alle grunneigarar utan husdyr og aktiv drift som burde hatt eit møte med Helleland som førelesar. Han kjem gjerne, og dette kan vere ein ide for andre organisasjonar.

Glede over Utstillingshallen

På årsmøtet vart det uttrykt glede over at det endeleg har kome i stand ei brukande avtale om Utstillingshallen. Stryn Sau og Geit har i tillegg til det årlege kåringssjået også teke i bruk hallen til ullinnsamlinga.

Takka av

Premiar for dei beste avkomsgranska verane i 2018 vart utdelt til Sonja Skåre Esperø og Arve Skrede.

Arne M. Sølvberg takka av som leiar i laget, og Charlotte Haukaas overtok vervet. Dei andre i styret er Margaret Skåre, Magne Garlid, Jon Ulvedal og Nils Olav Nesje, står det avslutningsvis i pressemeldinga.