Ny nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen

Tor Arne Hauge er tilsett som ny nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen.

Ny: Tor Arne Hauge er ny nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen.   Foto: Privat

Nyhende

Det går fram av ei pressemelding frå Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.

– Det er med glede vi kan ønskje Tor Arne Hauge velkommen som ny nasjonalparkforvaltar for Jostedalsbreen, seier styreleiar Ivar Kvalen. Ein erfaren naturforvaltar med stor breidde frå kommunal forvaltning vil bidra til å forsterke arbeidet vårt til det beste for natur, folk og bygdene rundt breen. Det var mange som søkte på stillinga då Fylkesmannen lyste ut jobben i november i fjor. Med 49 høgt kvalifiserte søkjarar var det mange å velje mellom.

Hauge kjem frå jobben som næring- og naturforvaltar i Solund kommune, der han har jobba dei siste 22 åra med eit breitt spekter av oppgåver. Han er opphavleg frå Jondal i Hardanger, og er utdanna naturforvaltar frå Ås.

– Med denne tilsettinga vil sekretariatet for nasjonalparkstyre telje to fast tilsette. Med eit så sterkt lag kan vi no vere endå meir ute i bygdene og rundt i verneområdet for å snakke med folk, sjå på tiltak og følgje utviklinga i naturen, seier Maria C. Knagenhjelm, nasjonalparkforvaltar og sekretær i Jostedalsbreen nasjonalparkstyre.