– Velkomen til skidestinasjonen Olden

Det er gjerne ikkje først og fremst ski vi tenkjer om Olden, men på snørike vintrar er det skiløyper også her.

Olden: Synnøve Linnea og Peder Jakob Brynestad-Røyrhus saman med mor Randi Gjengedal på tur i skiløypene i Olden.  Foto: Arild Hafsås

Nyhende

Etter det store snøfallet i midten av januar var Rune Holen frå Olden IL snart ute med å få på plass løyper på sentrumsbøane og opp til det lokale turmålet, Huaren (400 m.o.h.)

– Men den er for litt spesielt interesserte sidan den går på skogsbilveg og ein må rekne med skikkeleg ploging ned igjen, smiler Holen, som passar på å skryte av grunneigarane som let ein få nytte bøane.