Fannemel står over

Står over: Anders Fannemel blir ikkje med til Lahti i helga. I staden blir han heime for å trene.  Foto: Tadeusz Mieczynski

Nyhende

Anders Fannemel står over verdscuprenna i hopp i Lahti komande helg. I staden blir han heime for å trene. Det melder hoppforbundet i ei pressemelding.

– Det blir fem norske hopparar i Lahti. Fannemel trenar heime i Norge. Han kjem inn att til renna i Willingen, seier landslagstrenar Alexander Stöckl.

Verdscuprenna i Willingen i Tyskland går av stabelen 15. og 16. februar.