Firkløver toppar Venstre-lista i Volda

Venstre: F.v.: Brynhild Lund Notøy, Torunn Lødemel Stokkeland, Idar Flo og Sindre Furland.  Foto: Volda Venstre

Nyhende

Venstre satsar på ei god blanding av erfaring og friskt pågangsmot i toppen av lista til haustens kommuneval. Nominasjonsmøtet valde å kumulere fire kandidatar øvst på lista. Firkløveret er samansett av Brynhild Lund Notøy, Idar Flo, Torunn Lødemel Stokkeland og Sindre Furland.

Lund Notøy har lang fartstid frå lokalpolitikken i Hornindal, mens Idar Flo i fleire år har vore politisk aktiv både som lokallagsleiar og no som kommunestyremedlem i Volda. Torunn Lødemel Stokkeland frå Hornindal og 4. kandidat Sindre Furland frå Volda er derimot nye andlet i lokalpolitikken.

– Venstre har ambisjonar om å gjere ein solid valkamp og eit godt kommuneval. Målet vårt er minst tre mandat i det nye kommunestyret, seier Lund Notøy. Venstre har i dag to mandat både i Hornindal og Volda kommunestyre.

1. Brynhild Lund Notøy (kum), 2. Idar Flo (kum), 3. Torunn Lødemel Stokkeland (kum), 4. Sindre Furland (kum), 5. Nina Lødøen Øen, 6. Hjalmar Eiksund, 7. Håkon Ragnar Hagen, 8. Christine Helgesen Haugen, 9. Ingrid Kristine Sylte, 10. Hogne Kvangarsnes, 11. Norunn Holmøy-Wang, 12. Martin Dyppvik Notøy, 13. Gunnhild Larsgård, 14. Tor Mikalsen, 15. Thomas Busker Larsen. Dei to Venstre-laga i Hornindal og Volda er no formelt slått saman til eitt lag – og namnet vert Volda Venstre, skriv partiet i ei pressemelding.