Foreining gir 50.000 kroner til badeplass

Nyhende

Den private foreininga Staveneset Dugnads Badeplass har i fleire år jobba med å legge til rette for badeplass på Staveneset og har samla opp ca. 50.000 kroner som dei har bede kommunen ta imot.

Årsaka skal vere at lovverket mot kvitvasking og terrorfinansiering hindrar dei å sitje på desse pengane sjølve. Skatte-etaten krev og at alle bankkonto skal vere knytt til ein privatperson eller til eit organisasjonsnummer, noko initiativtakarane ikkje ønskjer.

Føresetnaden er at midlane skal avsetjast til det formålet som dei opphavleg var samla inn til, nemleg å ruste opp badeplassen på Staveneset eller ein annan sentrumsnær badeplass.

– Kan det gjerast strakstiltak kring tilkomsten til dette området? spurde Sonja Øvre Flo.

Kommunalsjef Dvergsdal fastslo at om noko skal leggast til rette på Staveneset, så må tilgang ordnast først.

Han la til at det er fleire alternativ til sentrumsnære badeplassar å vurdere.

Formannskapet vedtok å takke ja til midlane som vert overført til eit bundne driftsfond med formål er tilrettelegging av eit sentrumsnært badetilbod.

– Det er ganske utruleg at det skal vere eit problem for ein dugnadsgjeng å ha litt pengar, kommenterte Per Kjøllesdal.

Kommunestyret vedtok samrøystes tilbodet